Utanfor livsfare

Den hardt skadde Brødr. Selvik-arbeidaren, Rune Årthun, er nå flytta ut frå intensiven.

– Det går stadig betre med han. Eg har forstått det slik at han ikkje lenger er i koma, og er i gang med opptrening, seier dagleg leiar ved Brødr. Selvik as, Leif Inge Løland.

Han har fleire gonger sidan ulukka fredag 21. november vore i kontakt med familien til Rune Årthun.

Årthun blei alvorleg skadd då ein kollega, ein gravemaskinførar, skal ha begynt å løfta på ei skuffe på fleire hundre kilo, samstundes som Årthun, som skulle dirigera trafikken forbi arbeidsstaden, flytta seg for å fjerna eit røyr. Årthun skal ha blitt skubba bort av skuffa og fått den andre skuffa delvis over seg og kome i klem. Den første legeundersøkinga av 42-åringen skal ha antyda at skadane ikkje var så alvorlege, men klemskadane hans skal altså ha vore langt verre enn først antatt. Ei stund var det uvisst om han ville overleva skadane han pådrog seg.

Han blir nå behandla for fleire beinbrot i overkroppen.

Ved Brødr. Selvik as er sjefar og kollegaer glade for at det går rette vegen med Rune Årthun.

– Det har vore tungt. At det nå går betre med Rune hjelper på alt, seier Leif Inge Løland.

Ulukka er framleis under etterforsking.