Prosjektgruppa, med kulturhuskonsulent Rune Håndlykken, kultursjef Åshild Marie Øverland og David De Heer frå teknisk eining i Sauda kommune er i arbeid. Referansegruppa med representantar frå fleire kor, revy- og teaterlaget, kulturskulen, ungdommar og andre frivillige lag vart etablert i førre veke. Arkitektkonkurransen for nybygget på nabotomta, eit bygg som skal påbyrjast i 2016, er nær føreståande. I mellomtida skal referansegruppa koma med sine innspel om innhaldet i nybygget. Tanken om å føra drifta vidare i eit ideelt aksjeselskap med Sauda kommune som hovudaksjonær skal bearbeidast.
Det «nye» Nye Folkets Hus skal stå klart i 2017/2018.
– Etter restaurering og tilbygg vil Folkets Hus verta det første Folkets Hus i landet som vert freda, framhevar kulturhuskonsulent Rune Håndlykken.
18.november presenterte Rune Håndlykken, varaordførar Laura Seltveit, Hlge Handeland leiar i Sauda Fabrikkarbeiderforening og kultursjef Åshild marie Øverland prosjektet for ein samla Rogalandsbenk på Stortinget.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her