*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
PRIORITERER SKULE: Høgres Knut Atle Seim og Ivar Tangeraas meiner saudabuen bør kunna leva med dårlegare brøyting, sjeldnare plenslått og mindre vedlikehald av vegar. Dei vil ikkje kutta i skuleverket i 2015-budsjettet. (Foto:Ingvil Bakka)

Vil spara lærarane i kuttprosessen

Høgre meiner kutta heller bør gjerast hos teknisk og fellestenester.

– Me vil ikkje teknisk eining eller fellestenester vondt, men det er på desse områda kutta smerter minst, seier Ivar Tangeraas, Høgre sin gruppeleiar i Sauda kommunestyre.

I rådmannen sitt budsjettforslag er det lagt inn eit kutt på 3,8 årsverk i skuleverket. Dette er lokalpartiet Høgre heilt ueinig i. I formannskapet sitt møte i slutten av november føreslo Knut Atle Seim at ein opprettheld alle stillingane ved Austarheim, Fløgstad og Risvoll skular og ungdomsskulen, og at ein heller kuttar 2,5 årsverk hos teknisk eining og 1,0 årsverk hos fellestenester. Forslaget blei nedstemt.

Tangeraas og Seim minnar om at det alt har blitt gjennomført reduksjonar i kommunale lærarstillingar dei siste åra, og at det samstundes har skjedd ein monaleg auke i elevtalet.

– Hadde me hatt ubegrensa midlar ville me sjølvsagt ha styrka alle dei kommunale tenestene. Men i kampen mellom verdiar og tenesteområde er skule og utdanning noko som må komma før det aller meste, meiner Tangeraas.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her