Dyretragedien blei avdekka i mai i år, då det blei funne 13 daude sauer og fem daude lam i eit fjøs på Engja. Mattilsynet sine undersøkingar slo fast at dyra hadde stått lenge inne utan tilgang på mat og vatn. Truleg hadde nokre av sauene lege daude i rundt ti dagar før tragedien blei oppdaga.
Drifta av garden var forpakta bort til ein av naboane og det var såleis denne naboen som hadde ansvaret for dyrehaldet.
Politiet i Sauda har sidan mai jobba med etterforsking, og 11. november blei saka avslutta og sendt vidare til jurist hos politiet i Haugesund. Etter den tid har juristen sendt saka vidare til Statsadvokaten i Rogaland for vurdering om det skal bli tatt ut tiltale mot saudamannen eller om saka skal henleggast.
Les meir om saka i papirutgåva eller last ned e-avis her.