Sauda skisenter fylte "gjestekvoten" heile helga. Illustrasjonsbildet er tatt i ei koronafri tid.
Sauda skisenter fylte "gjestekvoten" heile helga. Illustrasjonsbildet er tatt i ei koronafri tid. FOTO: Arkiv.

På rett kjøl igjen

Denne sesongen ser ut til å verte langt betre for Sauda Skisenter enn fjorårets.

– Denne jula har vore utruleg bra! seier Lars Reidar Fosstveit glad.

– Betre enn på lenge, både med tanke på snømengde, vêr og besøkande, legg han til.

Etter ein svært dårleg sesong i fjor hadde den daglege leiaren av Sauda Skisenter berre eitt ønske til jul; snø nok til å kunne opne heisane før jul.

– Det var det einaste ønsket eg hadde, og det vart oppfylt. Me fekk til og med opna alle fem heisane, så eg er veldig nøgd. I tillegg har det vore jamt besøk heile romjula, med over 1 000 besøkande kvar dag, fortel Fosstveit.

Måndag 29. desember hadde han forventa skulle verte roleg etter helga, men dette var dagen med flest besøkande i romjula.

– Me har vore griseheldige! Det er mange faktorar som skal til for å få ein så bra start, men i år har det vore full klaff, understrekar Lars Reidar Fosstveit.

Han trekker fram fjoråret som samanlikning.

– Kvar gong me klagar over noko må me sjå på jula 2013, så ser me kor bra det er no, seier Fosstveit, som på det meste i romjula kunne måle snødjupna til nesten éin meter nederst i trekket.

Mengder av snø og godt føre har vore viktig for Sauda Skisenter.

– Me trong verkeleg ein god desember. Til og med på første juledag var det overraskande mange besøkande, sjølv om me berre hadde ope i tre timar, opplyser Fosstveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her