Uvêret skaper store problem rundt omkring i Sauda og i distriktet. Stramumutfall, manglande vatn, flaumfylte gater og vegar, rekved og knekte tre er bare nokre av følgene etter at uvêret «Nina» herjar med Sør-Vestlandet i dag, laurdag.
Nå ber politiet folk halda seg innandørs.
– Store utfordringar med trafikk og vêr i heile distriktet. Bli inne de som ikkje må ut, skriv politiet med blokkbokstavar på sin twitterkonto.