– Me kan ikkje gjera noko med vêret. Det er kapteinen og mannskapet ombord som avgjer om det er forsvarleg å kjøra rutene. Akkurat nå er vêret for gale, seier direktør i Kolumbus, Odd Aksland.
Hurtigbåten som kom frå Stavanger i dag, laurdag, i 13-tida, hadde store problem med å legga til kai på sin vande plass. Etter 15-20 minutt i rådevelde utpå fjorden, valde kapteinen å legga til kai i båthamna for å sleppa passasjerane av der.
Avgangen som skulle gått frå Sauda til Stavanger klokka 14.00 er innstilt. Ennå er det uvisst om 16.45-avgangen frå Stavanger til Sauda vil gå.
Kolumbus-direktøren oppmodar nå folk til å halda seg oppdatert på rute-statusen via nettside, telefon og kundesenter.