BERGA I LAND: EI handfull passasjerar på hurtigbåten måtte i dag, laurdag, gå i land i båthamna på grunn av uvêret. (Foto: Ingvil Bakka)
BERGA I LAND: EI handfull passasjerar på hurtigbåten måtte i dag, laurdag, gå i land i båthamna på grunn av uvêret. (Foto: Ingvil Bakka)

Søkte nødhamn i båthamna

Kapteinen på hurtigbåten vågde ikkje legga inn til kaien.

– Eg pleier alltid å bli båtsjuk, men det gjekk greitt, fortel Birk R. Gravdal, frå Bjerkreim.

Han er elev ved Sauda vidaregåande skule og kom med hurtigbåten frå Stavanger i dag, laurdag. Planen var å legga til kai i 13-tida.

15-20 minutt låg båten nokre hundre meter frå kaien, før kapteinen bestemte seg for å dra inn i båthamna og setta passasjerane i hamn der.