MÅLFOTO: Karslig og kusken Odd Storetvedt var først over målstreken tirsdag i sist veke. (Foto: Bergen Travbane)
MÅLFOTO: Karslig og kusken Odd Storetvedt var først over målstreken tirsdag i sist veke. (Foto: Bergen Travbane)

Karslig vann igjen

Kaldblodshesten til Line og Lars Gusdal gjer det godt på travbanen.

– Han er blitt knallgod! Eg har aldri hatt ein så sprek hest før, seier ein glad og fornøgd Lars Gusdal.

Tysdag i sist veke vann Karslig nok eit løp på Bergen Travbane. Og det etter eit nokså trøblete 2 100 meter langt løp. Ifølge Gusdal skal hesten Elinett ha bråstoppa etter 200 meter, slik at Karslig sprang rett på henne, før han måtte rygga og sjå feltet springa frå.

– Men likevel greidde han å ta dei igjen og han enda med å slå heile gjengen, seier Gusdal stolt.

Til trav- og galoppnytt fortel kusken Odd Storetvedt at han såg svart på det etter kollisjonen med Elinett.

– Heldigvis heldt Karslig seg på beina. Han var ikkje heilt seg sjølv etterpå og var redd dei andre hestane, samtidig som han braut veldig ut på oppløpet. Det var veldig godt gjort å vinna med tanke på det som skjedde, seier 59-åringen til magasinet.

Lars Gusdal, som i fleire år har hatt hest heime i Sauda, fortel at han fatta interesse for Karslig alt då han var eit lite føl hos oppdrettaren Stall Ualminnelig i Kristiansand. Han visste at faren, Spikeld, var ein av verdas beste kaldblodstravarar og at mora, Hoppavår, også hadde gjort det godt på travbanen.

Les meir i papirautgåva eller last ned eavis her