*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
HELSEFARLEG: Målingane som blei gjort i fjor haust viser at det 86 år gamle skulebygget på Birkeland har urovekkande høge radonverdiar. Skulebygget har etter nedlegginga i 2009 blitt brukt til fleire lokale kulturaktivitetar. Nå er bygget tømt og skal selgast. (Foto: Ingvil Bakka)

Kulturen rømmer frå høge radon-verdiar

Helsefarleg å bruka nedlagde Birkeland skule.

– Målingar gjort i haust viser ein god del høgare verdiar enn tillatt, fortel kommunalsjef teknisk, Egil Aarebrot.

Dermed er det slutt på at kulturkreftene i Sauda har brukt areal i nedlagde Birkeland skule til sine aktivitetar. Etter årsskiftet har barneskulen, som kvar einaste vekedag har husa diverse kulturaktivitetar, stått tom. Kommunalsjefen presiserer at utflyttinga frå bygget er ein kombinasjon av dei høge radonverdiane og det faktum at skulen snart blir lagt ut for sal. Ein eigedomsmeklar jobbar nå saman med kommunen for å setta ein takstverdi på det 86 år gamle skulebygget.

Radon er ein usynleg og luktfri gass som kontinuerleg blir danna i jordskorpa. Helsefare oppstår først når gassen siv inn og blir oppkonsentrert i eit innemiljø.

– Skulle me fortsatt brukt skulen ville me sjølvsagt gjort tiltak for å senka desse verdiane. Når me skal selga eigedommen er dette lite aktuelt, seier Aarebrot.

Barn og vaksne i kulturskulen er blant dei som har brukt Birkeland skule til sine aktivitetar. Spesielt har gymsalen vore eit stort og godt lokal for både korps, drama og dans. Andre skulerom er brukt til øvingar og møterom for lærarane i kulturskulen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her