*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SPREKE FOLK: Onsdag ettermiddag var det premieutdeling etter opptelling av innskrivingane i bøkene på utsiktspunktet Rondehaugen. Bak frå venstre: Oddvar Årthun (Mr. Rondehaugen), Elisabeth Bruknapp (205 turar, beste dame og beste turgåar) Nils Olav Aksland (149 turar, beste pensjonist), og Kenneth Stenberg (174 turar, beste mann). Framme, frå venstre: Kaja M. Tveit (24 turar), Victoria Guindani (24 turar) og Silje Ekkjestøl Lien (9 turar). Premien var kvar si hovudelykt, gitt av sportsbutikken. (Foto: Ingvil Bakka)

Tidenes Rondehaugen-år

9 663 innskrivingar i løpet av 2014.

– 1 703 fleire enn i 2013. Dette hadde eg ikkje i min villaste fantasi trudd var muleg, vedgår Oddvar Årthun, primus motor for turløypene i Brekkeheia.

Det er rundt 13 år sidan Oddvar Årthun starta Rondehaugen-prosjektet sitt. Han merka stiar, la ut innskrivingsbøker og sette opp ein benk – og raskt spredde ryktet om den gode turløypa seg i lokalmiljøet. I løpet av åra har det kome opp ei hytte der oppe, Rondehaugbu, og Årthun og hans medhjelparar har sørga for drikkevatn i ein krane. Dei første åra var Årthun strålande fornøgd med eit par hundre innskrivingar. Sidan auka det på. 9 663 innskrivingar i 2014 vitnar om eit snitt på 26 personar kvar einaste dag.

Aller flest turar i fjor hadde Elisabeth Bruknapp. 34-åringen hadde heile 205 turar opp til det 480 meter høge utsiktspunktet i Brekkeheia. Ho legg ofte ut på tur like etter jobb, før middagslaging heime i Saudasjøen. Mange gonger går ho i lag med venninna Janne Hindrumsen, som kan visa til 139 turar.

– Me går gjerne opp og ned på ein times tid. Det er god trim på kort tid, seier Elisbeth Bruknapp.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her