SNØHELG: Deltakarane i årets Saudasprinten, mellom dei Ola Martin Øverland, hadde meir enn nok snø å gå på i Slettedalen. (Foto: Arvid Horpestad)
SNØHELG: Deltakarane i årets Saudasprinten, mellom dei Ola Martin Øverland, hadde meir enn nok snø å gå på i Slettedalen. (Foto: Arvid Horpestad)

Snøhelg i Slettedalen

Årets Saudasprint vart arrangert i både snøvêr og solgløtt.

Dei kring 140 startande i den 39. utgåva av Saudasprinten kunne trygt konstatera at snø på ingen måte var noko mangelvare i Slettedalen denne helga. Laurdagen fall det kring 70 centimeter av denne kvite massen, i tillegg til dei monalege mengdene som alt låg der frå før. Men, korkje arrangøren, Sauda Idrettslag, løypekøyrarar, parkeringsplassbrøytarar og vegbrøytarar lét ikkje eit skarve snøfall stikka kjeppar i hjula. Dei klassiske løpa denne dagen vart avvikla etter planen.

Denne helga var óg Saudas eigen Sondre Handeland tilbake i Slettedalen med Saudasprint-startnummer på brystet.

– Nå er det ei stund sidan sist, det er vel to år sidan førre gong eg deltok i Saudsprinten, kommenterer han.

Det skulle snart visa seg at rivalane hadde lite å stilla opp med mot ein velopplagt Handeland i løypene i ein dal han kjenner så godt. Etter den klassiske distansen laurdag hadde han opparbeidd seg ei leiing han slett ikkje hadde tenkt å gi frå seg under jaktstarten dagen etter, men tvert om auka.

I kvinneklassane viste hjelmelandsbuane nok ein gong styrke mot eit ikkje alt for stort tal konkurrentar. Fjorårsvinnaren Kristin Hetlesæter måtte i år sjå seg slått av 15 år gamle Linn Ravndal.

16-åringen, med slektsrøter frå Svandalen, stadfestar med eit smil at ho liker godt å reisa til Sauda og Slettedalen for å gå på ski.

– Eg trener masse, og prøver å verta best. Ein plass på landslaget er målet, røper Linn Ravndal.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her