IKKJE JUL, MEN: Sjølv om mange forbinder lyslenker i tre med jul har Sauda sentrumsutvikling bestemt seg for å la lyslenkene i sentrumsgatene henga til midten av februar. Årsaka er at dei meiner lysa bidrar til eit trivelegare sentrum. (Foto: Ingvil Bakka)

Lar julelysa henga

Butikkfolket meiner lysa i trea bidrar til eit trivelegare sentrum.

– Det er tatt ei avgjerd om at lysa i trea skal henga til over vinterferien, opplyser Frank Abelseth, prosjektleiar for Sauda Sentrumsutvikling.

Heilt sidan julegata opna i Sauda 1. desember i fjor har lyslenkene som har pynta trea langs Rådhusgata og Skulegata gjennom sentrum blitt hengande.

Tidlegare år har lyslenkene blitt tatt ned tidleg i januar, og planen var, ifølge Abelseth, å fjerne lenkene like over nyttår også i år.

– Men me har fått innspel på at folk synest sentrum er meir triveleg med lyslenkene i trea. Det synest me også, og lar derfor lysa bli til over vinterferien, seier Abelseth.

Vinterferien er i år i veke 8, altså rundt midten av februar.