*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
VIL IKKJE TIL HAUGALANDET: Ordførar Frode Sulen er sikker på ein ting: Han vil aldri stemma for at Sauda skal bli ein del av ein storkommune på Haugalandet. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Utelukkar storkommune-samarbeid

Ordførar Frode Sulen seier han aldri vil gå med på at Sauda blir ein del av ein stor haugalandskommune.

– Eg meiner ein slik storkommune blir altfor svær. At det skal sitta folk i Haugesund og bestemma over korleis me skal styra våre barnehagar og andre kommunale oppgåver ser eg som heilt uaktuelt. Det blir iallfall aldri eg med på på, men det er kommunestyret som bestemmer, seier ordførar i Sauda, Frode Sulen.

Måndag i denne veka var ordførarar, rådmenn og formannskapa i Karmøy, Haugesund, Sveio, Tysvær, Etne, Vindafjord, Suldal, Sauda og Utsira samla til eit møte for å diskutera mulege alternativ knytt til framtidige kommunesamanslåingar. Frå Sauda reiste også gruppeleiarane i dei partia som ikkje er representert i formannskapet.

– Mitt utgangspunkt er at me ikkje slår oss saman med nokon, at me har det best åleine. Men me må jo vera med og sjå på alternativa som finst, og eg må innrømma at eg blir litt forviten, seier Sulen, og minnar om at kommunestyret har bedt han som ordførar å ”sondera terrenget” i dei lokale og regionale diskusjonane rundt mulege kommunesamanslåingar.

Alle norske kommunar blei hausten 2014 invitert til å starta prossesar for å sjå om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar. Målet er at det blir lagt fram forslag til våren 2015, og at kommunane få gjort sine vedtak i løpet av 2016. Regjeringa sine mål med kommunereforma er blant anna å sørga for ”gode og likeverdige tenester til innbyggarane, ei samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar og at lokaldemokratiet blir styrka”.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her