– Me meiner at dei to etatane, brannvesenet og ambulansetenesta, kan ha nytte av å vera i nærleiken av kvarandre, seier Øystein Lærdal, avdelingsleiar i Berge Sag og Trelast AS.
Ølensfirmaet ønsker å bygga den nye ambulansestasjonen i Sauda, og ser den kommunale tomta mellom brannstasjonen og Sauda kyrkje som ei muleg plassering for eit ambulansebygg. Berge Sag og Trelast ber nå kommunen om opsjon på tomta, som i dag blir brukt som parkeringsplass.
Firmaet ber om at førstekjøpsretten kun gjeld dersom dei får tildelt oppdraget med å bygga ny ambulansestasjon i Sauda. Planen til Berge Sag og Trelast er at dei skal stå som eigar av bygget, og at Sauda kommune skal leiga bygget. Kommunen vil, i så fall, igjen leiga bygget vidare til Helse Fonna, som driftar ambulansetenesta. Helse Fonna ønsker eit bygg med opptil 300 kvadratmeter og ser gjerne føre seg ein leigekontrakt på heile 15 år.
Fristen for å levera inn anbod på ny ambulansestasjon går ut i midten av februar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her