– Me oppfordrar alle som har mulighet til å stilla opp under denne markeringa, og me håpar at me greier å fylla Rådhusplassen, seier Roar Fiveland, lokallagsleiar for Utdanningsforbundet i Sauda.
LO, YS og Unio har varsla arbeidsgivar-organisasjonane om at deira medlemmer går ut i ein to timar lang politisk streik i morgon, onsdag. Også fagbevegelsen i Sauda og Suldal deltar i den landsomfattande streiken og samlar seg til ei felles markering i Sauda. Bakgrunnen for streiken er regjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljølova.
Forslaga frå regjeringa blei sendt ut på høyring i fjor sommar, og i desember same år blei dei endelege forslaga lagt fram. Regjeringa, med arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Framstegspartiet) i spissen, ønsker blant anna å opna for meir bruk av midlertidig arbeidskraft, og å auka grensene for overtid og sundagsarbeid. Fagbevegelsen meiner forslaga bidrar til å gi meir makt til arbeidsgivar, samstundes som belastinga på arbeidstakar blir større. Mange meiner forslaga er eit angrep på den nå 38 år gamle arbeidsmiljølova og at endringsforslag kan føra til meir rovdrift på arbeidstakarar.
Les meir i papirutgåva eller lastt ned eavis her