Sauda streika

Fleire hundre saudabuar og suldøler streika mot regjeringa sine forslag om endringar i arbeidsmiljølova.

– Det er veldig kjekt og viktig for meg å komma og halda appell heime i Sauda. Det er kjekt å sjå at så mange stiller opp, og dette viser at dette er ei sak som engasjerer folk, seier Terje Valskår, nesleiar i LO-organisasjonen Industri Energi.

I dag, onsdag gjekk rundt 1,5 millionar medlemmer i fagforeiningsorganisasjonane LO, YS og UNIO ut ut i ein politisk streik i protest mot regjeringa sine forslag om endringar i arbeidsmiljølova. På Rådhusplassen i Sauda blei det arrangert ei felles markering av fagforeiningane i Sauda og nabokommunen Suldal.

– Nå har ”heile” Norge sendt eit kraftig signal til regjeringa. Nå håpar me at regjeringa lyttar til folket, seier Valskår til Ryfylke etter at markeringa i Sauda var over like rundt klokka 15.15.

Under markeringa på Rådhusplassen, som blei leia av Helge Handeland, leiar av Sauda fabrikkarbeiderforening, blei det halde appellar av Steffen Høiland (nestleiar LO Indre Ryfylke, dei to lærlingane Kristin Lalid og Therese Håheim og Terje Valskår (nestleiar Industri Energi). Tubaduren Nils Kristen Herheim underhaldt med gitar og song.

Les meir i papirutgåva fredag.