– Eg meiner at denne politikaren ikkje har krav på at hans involvering i eit muleg anbodsfirma blir halde hemmeleg. Kommunen kan kun lukka møtet viss informasjonen som blir gitt kan svekka kommunen sin forhandlingsposisjon, seier professor Jan Fridthof Bernt ved universitetet i Bergen.
Han er rekna som Norges fremste ekspert på offentleglova.
På saklista til formannskapet onsdag denne veka stod saka der Berge Sag og Trelast as søker om opsjon på ei kommunal sentrumstomt. Ølenfirmaet ønsker å bygga ny ambulansestasjon på tomta, og er følgeleg ein av interssentane som vil levera anbod i midten av februar.
Før møtet var kome i gang fortalde høgrepolitikar Ivar Tangeraas at det var visse spørsmål knytt til habilitet i ei av sakene på saklista. Han sa at saka handla om informasjon om ein pågåande anbodskonkurranse og bad om at møtet skulle lukkast for offentlegheten.
Ivar Tangeraas står fast på at det var rett å lukka møtet under habilitetsdiskusjonen onsdag.
– Dette handla om min habilitet, ein habilitet som også var knytt til andre partar i saka. Det er ikkje rett at eg offentleg skal utlevera andre, seier høgrepolitikaren.
Rådmann Wictor Juul, står også fast på at politikarane gjorde rett i å lukka møtet onsdag.
– Det blei opplyst om forretningshemmelegheter som kunne kome andre anbodsleverandørar til gode, seier han.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her