KOM IKKJE FRAM: Brannvesenet kom seg ikkje fram til uthuset i Åbødalen som brann ned natt til laurdag. Bilvegen opp frå Jeskedalen er ikkje brøyta vinterstid. (Arkivfoto)
KOM IKKJE FRAM: Brannvesenet kom seg ikkje fram til uthuset i Åbødalen som brann ned natt til laurdag. Bilvegen opp frå Jeskedalen er ikkje brøyta vinterstid. (Arkivfoto)

Uthus brann ned

Brannmannskapa klarte ikkje å ta seg fram til hytteområdet i Åbødalen.

– Det blei vurdert både helikopter og snøskuter, men det lot seg ikkje gjera, blant anna på grunn av vêret. Det blei etterkvart oppretta kontakt med ein hyttenabo, som tok seg bort til der det brann. Det viste seg då at det var eit uthus som brann, og ikkje sjølve hytta som ein først frykta, fortel operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Tore Frøyland Jensen.

Politiet og brannmannskapet fekk melding om brannen like etter klokka 02 natt til laurdag. Mannskapet som rykka ut kom altså ikkje lenger enn til parkeringsplassen i Jeskedalen.

Hytteeigaren, som eigde uthuset, var sjølv på hytta, men hadde ikkje merka at det brann i uthuset.

Årsaka til at det begynte å brenna er førebels uvisst.

– Det blir oppretta sak, og Sauda lensmannskontor vil starta etterforsking, med åstadgransking, komande måndag, opplyser operasjonsleiaren.

Brannen i uthuset slokna av seg sjølv når alt var brent opp.