*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SPORLAUST BORTE: Reidar Edvin Sandanger, som blant anna dreiv Spisekroken i Rådhusgata tidleg på 1990-talet, skulle komma til Sauda utpå nyåret i fjor. Han dukka aldri opp og er nå meldt sakna gjennom Interpol. Her er han avbilda med den yngste dottera si. (Foto: Privat)

Sakna i Brasil – etterlyst av Interpol

Ingen har sett eller høyrt frå saudamannen Reidar Edvin Sandanger på over eitt år.

– Det er vondt å ikkje få svar på kva som har skjedd, seier Bjørg-Nina Sandanger, søster til 67-åringen som blei meldt sakna i mars i fjor.

Den eine dottera til Reidar Edvin Sandanger, Edith-Rudy Sandanger, har godkjent at tanta uttaler seg på vegner av familien.

Reidar Edvin Sandanger er født og oppvaksen i Sauda og er stuert – ei utdanning som gjorde at han i mange år jobba som sjømann. Det er fleire år sidan Sandanger flytta frå heimbygda Sauda, der han også i eit par periodar blant anna dreiv Grand Hotel og restauranten Spisekroken. Dei om lag siste ti åra har han opphalde seg i byen Recife i Brasil, der han på 2000-talet fekk eit barn. I denne perioden har han jobba på ein norsk fiskebåt.

Bjørg-Nina Sandanger er yngste søster til Reidar Edvin Sandanger, og fortel at den siste kontakten ho hadde med bror sin var 21. desember 2013. Den då 66 år gamle saudabuen hadde nyleg gått av med sjømannspensjon og fortalde at han måtte til Norge for å ordna opp i ein del papirarbeid knytt til pensjonen.

– Han sa at han ville komma til Sauda i januar og spurde om å få bu hos meg. Eg sa sjølvsagt ja til dette, fortel Bjørg-Nina Sandanger.

Rundt jule- og nyttårstider begynte familien å reagera på det dei meiner var uvanleg aktivitet på Facebook-profilen til Reidar Edvin Sandanger. Rare spørsmål, tal og datoar dukka opp.

– Det var då me begynte å fatta mistanke om at ting ikkje var heilt som det skulle, fortel søstera, som då ikkje fekk kontakt med bror sin.

Den gryande uroen blei forsterka då januar kom og gjekk utan at Reidar Edvin Sandanger dukka opp i Sauda, som avtalt. Etter at nye veker gjekk utan livsteikn valde familien å melda han sakna.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her