Rektor Nils Petter Sand, vgs
SLUTTAR: Rektor ved Sauda vidaregåande skule, Nils Petter Sand, har varsla at han vil slutta i stillinga si 1. august og at han då går over i ei ny stilling ved Strand vidaregåande skule. (Arkivfoto: Arvid Horpestad)

Sand drar til Strand

Sauda vidaregåande skule må på ny rektorjakt.

– Eg har informert om at eg sluttar, men eg har formelt ikkje sagt opp ennå. Det er trass alt heile fem månader igjen før eg gir meg, seier Nils Petter Sand, rektor ved Sauda vidaregåande skule.

Den nå 62 år gamle finnøybuen kom til Sauda vidaregåande skule hausten 2012, og vil dermed ha tre heile skuleår bak seg når han i august sluttar i stillinga si.

– Eg har hatt tre flotte år i Sauda, ein god skule med godt, internt samhald. Ein ting eg har spesielt erfart er kor god hjelp lokalmiljøet har gitt skulen, blant anna med tanke på rekruttering av elevar, oppretting og bevaring av linjer og ikkje minst arbeidet med studentbustadene, seier Sand.

Nils Petter Sand går nå over i ny jobb ved Strand vidaregåande skule på Tau, der han skal bidra med å bygga opp naturbruk-linja ved skulen.

– Det er jo dette som er mitt spesialfelt. Slik sett føler eg at ringen nå blir slutta, seier Sand, som dei tre siste åra har vekependla mellom heimen på Finnøy og jobben i Sauda.

Han blei nemleg tilsett ved Rygjarbø vidaregåande skule i 1986, der han var med på å utvikla akvakulturlinja. I åra mellom 2000 og 2003 bidrog han til å få lagt ei samla fiskeribruk-utdanning til denne skulen på Finnøy.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her