Bjørn Lian, nytt røntgenutstyr
FORNYING: Radiograf Bjørn Lian vil i mai månad ha bytta ut dagens rundt 14 år gamle røntgenapparat med eit nytt til drygt to millionar kroner. (Foto: Arvid Horpestad)

Får nytt røntgenutstyr

Helse Fonna investerer kring to millionar kroner i nytt røntgenutstyr til Sauda.

I midten av mai kan radiograf Bjørn Lian ta imot pasientane med eit nytt røntgenapparat til drygt to millionar kroner i eit nyoppussa lokal.

– Ei betydeleg investering Helse Fonna her gjer i Sauda, framhevar han fornøgd.

Bjørn Lian fortel entusiastisk om fordelane med det nye apparatet. Det har mellom anna autoposisjonering, det vil seia at han via fjernkontrollen vil kunna gjera dei innstillingane han i dag utfører manuelt.

– Skal eg ta bilete av til dømes ein nakkeskade, programmerer eg maskinen til det. Då justerer maskinen sjølv plassering, vinkling og eksponering. Tidssparande i høve den manuelle justeringa, peikar radiografen på.

Han trekker óg fram at han med det nye røntgenapparatet ikkje lenger vil ta bileta ut på plater, som i dag.

– Det fungerer godt, men det er ein ekstra prosess bileta må gjennom og då taper dei alltid litt i kvalitet. Biletkvaliteten vert mykje betre med det nye apparatet, seier han.

Ein tredje fordel er at det nye apparatet vert montert slik at det dreier rundt pasienten. I dag må Bjørn Lian dreia på benken pasienten ligg på for å ta røntgenbileta frå dei ønska vinklane.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her