*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
UTDATERT: Dagens ambulansestasjon ved sjukehusbygget i Åbøbyen tilfredsstiller ikkje lenger arbeidsmiljø-krava til eit moderne ambulansestasjonsbygg. I 19 år har den lokale tenesta hatt basen sin i det seksti år gamle bygget som i si tid var bustaden for vaktmeisteren ved sjukehuset. (Foto: Ingvil Bakka)

Interessentar kjempar om oppdraget

Sauda kommune og Helse Fonna vurderer nå tre ulike alternativ til ny ambulansestasjon. Men førebels held kommuneleiinga korta tett til brystet.

Sauda kommune og Helse Fonna vurderer nå tre ulike alternativ til ny ambulansestasjon. Men førebels held kommuneleiinga korta tett til brystet.

– Juristen vår har råda oss til å ikkje gå ut med opplysningar knytt til anbodskonkurransen. Å gi ut opplysningar om kven som har levert anbod og kor dei ser føre seg ein ny ambulansestasjon er informasjon som kan påverka forhandlingane mellom kommunen og tilbydarane, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.

Ifølge Vidar Støyva, einingsleiar eigedom i Helse Fonna, vil helseføretaket og Sauda kommune ha eit møte i morgon, onsdag, for å diskutera dei tre innkome anboda.

Seks interessentar møtte opp då kommunen og Helse Fonna i oktober i fjor informerte om ønska for ein ny base for ambulansetenesta. Då Ryfylke snakka med Juul fredag, fem dagar etter at anbodsfristen var gått ut, valde han å fortella at det var kome inn tre anbod og at desse planane var tenkt plassert i to ulike geografiske område i Sauda.

Etter å ha konferert med jurist vil ikkje Juul kommentera dette ytterlegare.

Også kommunalsjef Andreas Fløgstad er sparsam med opplysningar.

– Av omsyn til den pågåande anbodskonkurransen vil me ikkje oppgi opplysningar om innkome tilbod. Me følger prinsippet om at ein anskaffelse så langt som muleg skal vera basert på konkurranse som er heimla både i lov om offentlege anskaffelsar § 5 og forskift om offentlege anskaffelsar § 3-1, første ledd, skriv Fløgstad i ein epost til Ryfylke.

Rådmann Wictor Juul lovar at Ryfylke vil få fullt innsyn i alle anbodspapira når forhandlingane er over og val av leverandør er gjort.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her