– Me har bare ein søkar til vikariatet, og det er ho som vikarierer i stillinga i dag, nemleg Siri Fisketjøn Indrebø, opplyser administrasjonssjef i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Modolf Haraldseid.
Sauda og Suldal lensmannsdistrikt har dei siste åra hatt ein overordna driftsleiar/lensmann i Sauda og ein lensmann i Suldal. Sidan Randi Kalvik, som har driftsleiarstillinga i Sauda, blei sjukemeldt for over eitt år sidan har suldalslensmann Siri Fisketjøn Indrebø hatt det fulle og heile lensmannsansvaret i begge dei to kommunane. Ettersom Kalvik framleis har permisjon, blei jobben hennar nyleg lyst ut som eit vikariat. Sundag gjekk søknadsfristen ut.
At bare ein søkar har meldt seg til vikariatet er, ifølge Haraldseid, lite, men ikkje direkte bekymringsfullt.
– Me skal jo bare ha ein person, og det er ikkje så unaturleg at den som vikarierer i stillinga i dag er den einaste som søker. Elles har me hatt god tilgang på søkarar til politistillingar i Sauda og Suldal i det siste, seier han, som reknar med at ei endeleg avgjerd i tilsettingsnemnda blir tatt i løpet av ein dryg månad.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her