Få ville høyre på Brå

35 personar løyste billett for å få med seg føredraget til eit av norsk langrennshistories mest kjende namn.

– Eg er veldig godt fornøgd med opplegget til Oddvar Brå og synest det var kjekt å høyre på han. Det som forundrar meg er kor langrennsfolket var. Er dei så gode at dei ikkje treng informasjonen Brå hadde å dele, undrar Rune Bastlien i Sauda BCC.

Med 200 tilgjengelege seter i kinosalen i Rådhuset såg det noko tomt ut då berre eit fåtall av dei øverste seteradane var fylt med folk. Bastlien understrekar at han hadde forventa større interesse.

– Kva vil saudabuen ha? Oddvar Brå har fantastiske historiar som ikkje mange andre sit på. Det er naturleg nok vanskeleg å dra folk på eit føredrag, men det er ikkje kvar dag vi klarer å lokke ein mann som Oddvar Brå til Sauda, seier han.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.