*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FEKK SØLV: Hoppgruppas Tor Andreas Michalsen og Siv Eli Haug Birkeland (til venstre) frå alpin & freestylegruppa blei tildelt sølvmerket under idrettslaget sitt årsmøte. Leiar i Sauda idrettslag, Vibecke Håheim, er stolt over eldsjelene i laget. Geir Arne Foss, også han frå alpin & freestylegruppa, mottok også sølvmerket, men var ikkje til stades under årsmøtet. (Foto: Ingvil Bakka)

Nytt år – gamle og nye eldsjeler fortset arbeidet

Bygdas største frivillige organisasjon, Sauda idrettslag, har starta sitt 96. år med dugnadsinnsats.

– Me er heilt avhengig av den frivillige innsatsen. Kor mange tital tusen dugnadstimar det blir lagt ned totalt vågar me ikkje eingong rekna på, seier Vibecke Håheim, leiar i Sauda idrettslag.

Ho var ikkje på val i år og er nå inne i sitt andre år som leiar for laget som i dag har 878 medlemmer.

– Eit veldig spennande og lærerikt verv. Det er flott å få jobba med så mange flinke folk som gjer ein fantastisk innsats for laget og faktisk for heile Sauda, seier ho.

Sauda idrettslag har kåra hoppentusiasten Knut Eilif Broce Michalsen til sitt nyaste æresmedlem.

– Ei stor ære. Eg er veldig stolt og glad, innrømmer Knut Eilif Broce Michalsen.

Trass den sviktande helsa er Michalsen framleis engasjert i hoppmiljøet i Sauda. Frå bilen får han med seg treningar og karusellar i Brattebakken. Å bli heime på sofaen er ikkje eit alternativ når lokalhopping står på programmet.

– Eg dauar viss eg blir sittande inne og tvinna tomlar. Eg må bare stå på, så lenge eg kan. Eg liker å følga med, og klarer liksom ikkje å halda meg vekke, seier han med smilet på lur.

Sauda idrettslag blei stifta 22. februar 1919. Frå eit lite, frivillig lag for 96 år sidan har laget utvikla seg til ein stor organisasjon med ei omsetting på rundt fem millionar kroner i 2014. Bare på eitt år har medlemstalet gått opp med 117 medlemmer.

Sauda idrettslag hadde i 2014 ei inntekt på 5 947 995 kroner, og kostnadar på 4 911 215 kroner. Dette gir laget eit årsoverskot på 221 893 kroner.

– Eit greitt år. Det er omtrent dette me plar å ligga på, kommenterer Håheim.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her