– Dette er alvorleg. Nå må me setta oss ned og nøye analysera 2015-budsjettet for å sjå kva me eventuelt kan og må gjera for å unngå liknande budsjettavvik i år, seier rådmann Wictor Juul.
Då rådmannen la fram sitt 2014-budsjett hausten 2013 la han opp til eit overskot på 1,5 prosent. Etter planen skulle då rekneskapstala for fjoråret ha landa på 8,2 millionar kroner i pluss. Nå viser det seg at dette ikkje gjekk heilt som planlagt. Plussen blei nemleg bare på 2,5 millionar kroner – altså 5,7 millionar kroner mindre enn budsjettert.
Pengane som kjem frå kommunen sine driftsoverskot blir sett av til fond. Med ein budsjettminus på 5,7 millionar kroner for 2014 er det i dag bare igjen 2,5 millionar kroner til fondssparing. I dei 5,7 millionane ligg også 1,2 millionar kroner som skal dekka inn underskotet som kom i 2013-rekneskapet,.
– Den reelle plussen i rekneskapet ligg på rundt 2,5 millionar kroner. Det er ikkje akkurat så mykje å skryta av, men me driv framleis kommunen i pluss, heldigvis, konstaterer Juul.
Om kommunen bare skal setta av 2,5 millionar kroner til fond i år, eller om dei skal finna løysingar for å greia målsettinga om 8,2 millionar nye fondskroner er førebels ikkje bestemt. Ei løysing er å redusera 2015-budsjettet med 5,7 millionar kroner. Dette må politikarane ta stilling til når dei får saka på sitt bord i kommunestyremøtet i mai.
– Å måtta redusera med 5,7 millionar kroner i årets budsjett vil vera ei stor utfordring med tanke på at dette vil komma i tillegg til dei store kutta me jobbar med å få gjennomført i år, seier rådmannen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her