– Denne tilsettinga er ikkje gjort for å hjelpe Magnar Birkeland med å få jobb i Sauda, ho er gjort for at Magnar Birkeland skal hjelpe oss, presiserer dagleg leiar Inge Løyning.
For drygt eitt år sidan tok Løyning kontakt med Magnar Birkeland for å høyre om han kunne vere interessert i å jobbe i Sauda Vekst.
– Han har ein del av dei kvalitetane vi er ute etter, forklarer Løyning.
Det tok likevel over eitt år før Birkeland var mogen for å skifte beite.
Saudamannen Magnar Birkeland flytta til Bryne for omlag 25 år sidan. Den då lovande fotballspelaren utdanna seg etterkvart som barne- og ungdomsarbeidar og fekk i 1995 ei mindre stilling i avdeling Fritid i Stavanger kommune. Fire år seinare blei han tilsett i full stilling i Ungdom og Fritid, også det i Stavanger kommune. Her har han jobba sidan og har i denne perioden også hatt personalansvar for dei tilsette.
Ein del av jobben til Magnar Birkeland har vore å ha ansvar for planlegging og gjennomføring av ungdomsarrangement, drift av ulike ungdomstilbod og -tiltak og å koordinere drift og samarbeid med ulike aktørar. Sidan 2004 har han vore med på å bygge opp Gausel bydelshus til ein populær møtestad for barn, unge og frivillige lag og organisasjonar. Bydelshuset har dei siste åra hatt omlag 100 000 brukarar i året.
– Eg har jobba med alt frå prosjekt, aktivitetar og nærmiljøarbeid til det å skape ting i handelsorganisasjonar og for barn og unge. Jobben i Sauda passar meg såleis som hand i hanske, poengterer Magnar Birkeland.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her