*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FEIL: Fleire kundar ved Sauda legesenter har i det siste mottatt rekning for konsultasjonar dei alt har betalt for. (Foto: Linda Merethe Lie)

Beklagar betalings-problem

Sauda legesenter legg seg flate etter at kundar har fått ny rekning etter at dei har betalt.

Ryfylke har blitt kontakta av fleire kundar ved Sauda legesenter som er oppgitte over at dei får purring på oppgjer for konsultasjonar dei alt har betalt. Pasientane har betalt i automaten på legesenteret, men har likevel mottatt rekning i posten, på same beløp pluss, kort tid etter. Eininglsleiar ved Sauda legesenter, Olivia Obtinario, vedgår at også dei har fått klager frå kundar.

– Ja, vi kjenner til dette og har jobba med å få retta opp feilen, seier ho.

Alt i 2010 la Sauda legesenter om fakturasystemet sitt. I staden for at legesenteret sjølv sendte ut rekningar fekk pasientane tilsendt rekning frå Odin Kapital as. Viss pasientane ville unngå rekning i posten kunne dei betale på legesenteret. I fjor fekk Sauda legesenter ein betalingsautomat slik at kundane som var på konsultasjonar på dagtid kunne gjere opp for seg med kort. Eit separat betalingssytem for legevakta skulle inkorporerast i same system og i november i fjor, og systemet blei derfor oppdatert. I februar i år overtok Odin Kapital as heile systemet.

– Dei er klare over problemet som er oppstått og har fått beskjed av oss. Slikt skal ikkje skje, og vi ønsker ikkje at kundane våre skal få slike ulemper, fortel Obtinario.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her