Saudamannen måtte møta i Haugaland tingrett i begynnelsen av mars i år, tiltalt for knivstikking og for bruk av ecstasy og hasj. Ni vitne var kalla inn til rettsforhandlingane. Då dommen fall i sist veke blei mannen dømt til fengsel i to år og ti månader. Han må også betala knivstikkarofferet 100 000 kroner i oppreising og 923 kroner i erstatning. Han blei også dømt til å måtta tola inndraging av filetkniven han brukte den fatale kvelden.
Den alvorlege hendinga som resulterte i knivstikkinga skjedde på ein privatfest i 21.30-tida påskeafta for snart eitt år sidan.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her