Egil Aarebrot, kommunalsjef teknisk
NY TENESTE: Via ei ny teneste på dei kommunale internettsidene kan nå publikum melda frå til kommunalsjef teknisk Egil Aarebrot og staben hans døgeret rund om ting dei meiner teknisk etat bør gjera noko med. (Foto: Arvid Horpestad)

Hol i vegen gir pling på datamaskinen

No kan du melda inn hol i vegen på nettsida til kommunen.

Irritert over hol i vegen? Synest du det burde ha vore brøyta og strødd betre der du bur? Er det pærer i gatelysa som ikkje lyser? No kan du melda frå om dette, og meir til, på nettsidene til Sauda kommune.

– Dette er for å gi publikum høve til enkelt å melda inn feil dei ser. Så langt har me ikkje fått inn så mange meldingar. Men me har nettopp opna tenesta og publikum har nok ikkje vorte heilt klar over tilbodet enno, så slik sett hadde me ikkje rekna med den store pågangen no med det same. Me håpar dette skal gi eit forbetra tilbod til publikum og at dei tek tenesta i bruk, kommenterer kommunalsjef teknisk Egil Aarebrot.

På den elektroniske framsida til Sauda kommune kan publikum no klikka seg inn på snarvegsruta «Melding om feil». Dette klikket fører innmeldaren vidare til hovudsida for tenesta. Ho eller han fører då opp kor feilen er geografisk og kva feilen er. Klikkar ein på «Meld inn feil på lys», vert ein automatisk kopla vidare til nettsidene til Haugaland Kraft. Klikkar ein på «Meld inn sak», kan ein altså melda frå om hol i vegen og brøyting/strøing, men og om avløp som ikkje fungerer som tenkt og andre ting som gjeld vedlikehald.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her