I samband med Sauda Backcountry Challenge (BCC) har arrangøren dei seinare åra hyra inn ulike føredragshaldarar som feestyle-utøvar og basehoppar Karina Hollekim og alpinist Kjetil André Aamodt. I år er det langrennslegenden Oddvar Brå som er trekkplasteret.
– Han kan appellere til alle. Brå har følgt langrennsidretten gjennom svørt mange år og er framleis tett på. Eg trur han kan bli interessant å høyre på. Han har innblikk og kan veldig mykje i form av trening og andre ting knytt til langrenn, seier Rune Bastlien i Sauda BCC.
Føredragshaldaren skal ha ein seanse i kinosalen i Rådhuset. Ryfylke har ikkje lukkast i forsøket på å få Oddvar Brå i tale, men Geir Baardsen har vore ein del i kontakt med den tidlegare langrennsløparen i samband med saudabesøket.
– Han er opptatt av å få fram bodskapen om at «vanlege» folk også kan trene. Det handlar om å komme seg opp av sofaen og ut. Ein treng ikkje ha det nyaste og dyraste utstyret og det er ikkje så viktig å trene etter pulsklokke. Alle kan trene, ifølge Brå, fortel Baardsen.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.