– Bare det at det her er eldsjeler som på eige initiativ står på for allmennheten er så verdifullt i seg sjølv at det er eit godt motiv for å bidra med pengestøtte, seier Arne Kleppa, dagleg leiar av Ryfylkefondet.
I sitt møte i slutten av februar i år vedtok Ryfylkefondet å innvilga pengesøknaden frå Laget for Hovlandsnutens utvikling. Laget får dermed 250 000 nye kroner til sti- og hytteprosjektet sitt. Også i fjor gav fondet støtte til prosjektet, då med heile 400 000 kroner.
– Ryfylkefondet har i mange år vore opptatt av å støtta prosjekt som er med på å gjera natur- og friluftsliv meir attraktivt i fylket vårt. Hovlandsnuten-prosjektet er eit eksempel på eit område fondet ser verdien av å utvikla, seier Klepp.
I den ideelle, dugnadsbaserte organisasjonen Laget for Hovlandsnutens utvikling er Åge Fjellheim Midthun sjølvsagt svært glad for pengane frå Ryfylkefondet.
– Etter at me avslutta stiarbeidet i fjor har me lege i ”dvale” ei stund. Nå hentar me fram nye krefter til å jobba vidare med prosjektet i år, seier han.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.