– Talet på orkester som vil delta i slike konkurransar har dessverre blitt færre og færre. Hobbyen vår er i ferd med å døy ut i konkurransesamanheng, vedgår leiar i Norske Trekkspilleres Landsforbund (NTL) Rogaland, Tore Koppang.
I helga som var arrangerte Sauda Trekkspillklubb Distriktsmesterskapet i trekkspill for Rogaland og Hordaland. Men, det var ingen bidrag frå Hordaland og kampen om premiane blei med det gjort opp mellom Sandnes Trekkspillorkester og Tysvær Trekkspelklubb.
– Det er litt skuffande at det er så få påmeldte, men slik har utviklinga blitt. For 20 år sidan, då meisterskapen blei arrangert i Tysvær, var det omlag 200 orkester med, hugsar leiar i Sauda Trekkspillklubb, Andreas Fattnes.
Sauda Trekkspillklubb arrangerte i år distriksmeisterskapen for tredje gong. Klubben var vertskap for konkurransen også i 1983 og 2003.
I og med at dei lokale trekkspelorkestra ikkje speler etter noter kunne dei ikkje delta i distriktsmeisterskapen. Deltakarane blei nemleg vurdert etter nettopp evnen til å følge notene til melodien dei spelte.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her