*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FRUSTRERT: Leiar i Suldal næringsforening, Olav Lindseth, er ikkje nådig i sin kritikk av formannskapspolitikarane i Sauda. Han meiner utspeler deira ikkje bidrar til eit vidare godt samferdsels-samarbeid. (Foto: Toyni Tobekk, Suldalsposten)

Sinne og harme etter riksveg-utspel

Næringslivsleiaren i Suldal, Olav Lindseth, kallar utspelet frå saudapolitikarane ”ei krigserklæring”.

– Sjølv om me i Suldal ikkje har noko interesse av Sauda-Etne-vegen har me heile tida vore innstilt på å bidra i arbeidet med å få dette prosjektet realisert. Nå, når Sauda blandar inn riksveg 13, stiller saka seg annleis, seier Olav Lindseth, leiar i Suldal næringsforening.

Vegen gjennom Suldal, opp Brattlandsdalen til Røldal har hatt riksvegstatus sidan 1992.

Næringslivsleiaren innrømmer at han kjenner til at slike riksveg-tankar har vore lansert tidlegare, men han blei likevel svært overraska over utspelet til saudapolitikarane.

– Eg blei sjokkert over det eg meiner er eit frykteleg dårleg politisk handverk av politikarane i Sauda. Dette gir ikkje eit godt utgangspunkt for vidare felles samarbeid knytt til samferdsel, seier han.

Men saudaordførar Frode Sulen håper at også kommunestyret vil kjempa for å få riksvegen lagt gjennom Sauda.

– Me visste at suldølen ikkje ville bli glade for utspelet vårt, men eg synest jo at dei reagerer vel voldsomt. Ein må dessutan hugsa på at me saudapolitikarar ikkje er valt inn for å begeistra suldølen, men for å kjempa Sauda sine saker, seier Frode Sulen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her