*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYE BEKJENTSKAP: Javed Mohsen (frå venstre), Roza Garvik og Pål Sverre Stange er nyleg tilsett som høvesvis vikarlege, fastlege og turnuslege ved Sauda legesenter. (Foto: Ingvil Bakka)

Nye fjes på legesenteret – igjen

Tre nytilsette dokterar sikrar Sauda legesenter full dekning på sine legestillingar.

Mot slutten av fjoråret blei det klart at Sauda legesenter nok ein gong måtte på legejakt, etter at to av deira tilsette valde å seia opp sine stillingar. Det var derimot ikkje forholda ved legesenteret eller at dei mistrivst i Sauda som gjorde at Valon Bicaj og Sahar Pahlavanyali reiste frå bygda. Eit ønske om nye utfordringar og fagleg utvikling var blant grunngjevingane til dei to. Nå har einingsleiaren ved legesenteret, Olivia Obtinario, funne deira erstattarar.

I starten av denne månaden byrja Pål Sverre Stange, Javed Mohsen og Roza Garvik sitt nye tilvære i industribygda inst i Ryfylke. Medan Stange er tilsett som turnuslege skal Javed Mohsen fungera som vikarlege fram til Anne Gunhild Waagsbø startar i fast stilling frå 1. juli.

Roza Garvik, som opphavleg kjem frå Russland, tek over pasientane til Sahar Pahlavanyali og er tilsett i ei fast stilling.

– Me er godt fornøgde med personane som nå skal jobba hos oss. Det var fem søkarar til stillingane og alle var godt kvalifiserte, framhevar Obtinario.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.