Publikumsområdet
PUBLIKUMSSUKSESS: I tillegg til dei fleire hundre publikummarane som samla seg i målområdet, slo rundt 120 personar seg til i fjellskråninga rett utanfor venstre biletkant. Presseansvarleg Asbjørn Birkeland tel fornøgd opp i overkant av 600 tilskodarar og noterer publikumsrekord for Sauda BCC. (Foto: Arvid Horpestad)

Draumelaurdag for BCC

Publikumsrekord, stor stemning i solskinet og flott ski- og snøbrettkøyring.

– I overkant av 600 tilskodarar – dette er publikumsrekord for vårt arrangement, slår presseansvarleg for Sauda BCC 2015, Asbjørn Birkeland, fast.

Med eit stort smil ser han fornøgd ut over folkehavet som nyt den strålande flotte laurdagen i høgfjellet i Svandalen. Folk sit tett i tett ved speakerteltet og salsstaden for grilla pølser og hamburgarar og varm kaffi og kald brus. Rundt rekna 120 av dei over 600 har valt å slå seg ned i fjellskråninga eit tital meter bortanfor. Stemninga står så absolutt i samsvar med solskinet.

– Smør dykk med faktor, minnar speaker Rune Feyling fleire gonger om.

Med 59 påmeldte i seniorklassen og 33 i juniorklassen, minus eit par fråfall finaledagen, får publikum óg sportsleg valuta for fjellturen. Dei får sjå det eine stuntet meir dristig utført enn det andre. Med rekordmykje snø og elleve hopp av varierande storleik, kunne utøvarane velga mellom fleire trasear ned fjellsida.
Heilt slik var det imidertid ikkje fredagen. Då måtte kvalifiseringsrenna avlysast, då sikta var for dårleg til at planen for dagen kunne følgast.

Det førte óg til endringar i programmet for laurdagen. Då køyrde først juniorane finalar frå Ravnafjell. Seniorane køyrde deretter kvalifisering frå Varanuten før også dei 17 som gjekk vidare til superfinalen sette utfor frå Ravnafjell.

Men sjølv om det vart ein lang konkurransedag var det knapt nokon av tilskodarane som gjekk heim før Cato Lægreid kom i mål i lett skumring som siste løpar.

Her må det leggast til at vêret igjen var grått, tåkete og tungt om sundagen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her