Febrilsk jobbing mot deadline

Framleis uvisst om Framstegspartiet stiller liste i Sauda.

– Fristen for å levera inn valliste går ut i morgon, tysdag klokka 12.00. Er ikkje lista levert då er det for seint, fortel Solfrid Handeland, leiar av Kundetorget i Sauda kommune.

Det har lenge vore uvisst om Sauda Fremskrittsparti greier å stilla valliste ved det komande kommunevalet til hausten. Nestleiar i lokalpartiet, Tore Johan Prestegård, som har jobba med nominasjonslista, har i fleire månader svinga mellom optimisme og framtidstru ­– og pessimisme og eit svinnande håp om ei muleg valliste.

Fredag kontakta Prestegård avisa for å fortella at slaget var tapt, at partiet ikkje har greidd å få sju personar til å stilla på vallista. Men i dag, måndag, kom ei ny melding frå Prestegård.

– Hald an saka. Me har hatt ein del aktivitet i helga og jobbar alt me kan for å få til ei liste likevel. Me vil trenga heile måndag og vel så det før me veit sikkert om me klarer å få til ei liste, seier Prestegård.

Lokalpartia må levera ei liste som utgjer talet på partiet sine kommunestyrerepresentantar i dag pluss seks ekstra namn. Dette betyr at Framstegspartiet, som har ein kommunestyrerepresentant i dag, må levera ei valliste med sju namn.

Ei oppdatering på om Framstegspartiet stiller valliste eller ikkje vil bli lagt ut på avisa sine nettsider i løpet av dagen i morgon, tysdag.