– Me er veldig godt fornøgd med denne treningskampen. Den gav oss nødvendig sjølvtillit før seriestart, seier Stig Birkeland, som trener a-laget saman med Johannes Rød.
Sauda sitt a-lag i fotball møtte laurdag Fotballklubben Haugesund (FKH) sitt Gutar 16-lag til treningskamp på Sauda stadion. Kampen kom i stand som følge av at haugesundsklubben var i Sauda på treningsleir med laga sine G16 og FKH2. Sauda tok leiinga etter bare fem-seks minutt og rakk å skåra to mål til i første omgang, Pauseresultatet var 3-0 til heimelaget – eit resultat som blei ståande heilt til slutt.
Trenar Birkeland er greitt fornøgd med førsteomgangen.
– Me jobba godt bakover, og prøvde å ikkje pressa for høgt framover. Me fekk til fine overgangar og skåra tre fine mål, rapporterer han.
– Me er veldig godt fornøgd med denne treningskampen. Den gav oss nødvendig sjølvtillit før seriestart, seier Stig Birkeland, som trener a-laget saman med Johannes Rød.
Trenar for G16-laget til FKH, Per Øyvind Mortveit, fortel a-laget til Sauda imponerte stort i treningskampen på kunstgrasmatta laurdag.
– Dei hadde betre innsats, sprang meir, var betre teknisk og hadde ei flott innstilling. Me tapte fortent., innrømmer Mortveit.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her