Ambisjonar om skåringar og sigrar

Seriestarten for a-laget i fotball står for døra.

I morgon, torsdag, dreg a-laget i fotball til Stord for å møta Leirvik i årets første seriekamp i 5. divisjon.

– Leirvik er eit lag me ikkje veit så mykje om, men dei har visstnok ein del tidlegare gode Stord-spelarar på laget som no har trappa litt ned, kommenterer Stig A. Birkeland, som saman med Johannes Rød trener Sauda.

Så, kor godt førebudde er a-lagsspelarane på å starta seriespelet i 5. divisjon etter nedrykket i førre sesong? Birkeland vurderer det slik at Sauda ikkje har imponert veldig i treningskampane til no.

– Men eg er ganske sikker på at me har meir å gå på, forsikrar han.

Ein av grunnane til at sesongoppkøyringa tydelegvis ikkje har vore optimal, er utfordringane Stig A. Birkeland trekker fram med mange skadde spelarar. Uansett, Birkeland rosar ein spelarstall der alle har stått på og ytt sitt beste heilt frå første trening for tre månader sidan.

Han og medtrenar Johannes Rød har elles lagt opp eit 4-4-2- og eit 4-5-1-system som dei to grunnleggande prinsippa dei vil følga, dog med variantar. Birkeland meiner faste spelesystem bidreg til at spelarane presterer betre, då dei veit kva dei sjølv skal gjera og kva medspelarane skal gjera ute på banen – og kvifor dei skal gjera det.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.