Legevaktsaka: Rådmannen står på sitt

Rådmannen føreslår at kommunestyret godkjenner ein samarbeidsavtale mellom Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord om legevakt. Formannskapet behandlar saka i dag, onsdag.

For omlag eitt år sidan vedtok kommunestyret i Sauda at kommunen skal gå inn eit interkommunalt helsesamarbeid med Etne, Vindafjord og Suldal kommunar. Saka som definitivt har fått mest merksemd i denne samanhengen er ein felles legevaktsentral i Ølen. Sidan vedtaket i fjor vår har rådmann Wictor Juul fått i oppdrag å greie ut ei rekke avbøtande tiltak. I saksframlegget som har gått ut til formannskapspolitikarane før møtet i dag er det gjort klart kva løysingar som etter rådmannen sin meining er mulege å gjennomføre og ikkje. Men konklusjonen er uansett klar: Juul rådar dei folkevalde til å flytte legevakta.

Under kommunestyremøtet i april i fjor blei det diskutert fram ein rekke punkt for avbøtande tiltak ved ei eventuell flytting av den lokale legevakta. Rådmannen har komme fram til at ei lokal legevakt ikkje er eit ideelt avbøtande tiltak fordi Etne, Suldal og Vindafjord kommunar set krav om at alle tiltaka i avtalen skal gjennomførast for at samarbeidet skal bli ein realitet.

Det har blitt diskutert fleire alternative løysingar for å gjere flytting av legevakta minst muleg smertefri for saudabuen. Ei bakvaktordninga har blitt lansert som eit muleg tiltak.

– Det har blitt gjort arbeid for å få til ei lokal legevakt fram til klokka 23.00. Drøftingar med legane er gjennomført. For legane er ikkje dette ønskeleg, då det blir opplevd som om vaktbelastninga aukar betydeleg, understrekar Wictor Juul.

Ordførar Frode Sulen bad i fjor haust rådmannen om å sjå på mulegheitene for å innføre ei såkalla katastrofe-bakvakt. Ifølge Juul meiner legane at dette vil føre med seg ein stor auke i vaktbelastninga, noko som igjen vil vil kunne gi problem knytt til rekruttering og stabilitet i den lokale legetenesta.

– Ei slik ordning ville også medført store kostnader, over ein million kroner, for Sauda, presiserer han i sakspapira.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.