Sauda kan få psykolog

Sauda og Suldal kommunar har fått innvilga søknad om tilskot til fellesordning.

Ifølge prosjektleiar for det interkommunale helsesamarbeidet, Aslaug Tangeraas, har det lenge vore uttrykt eit ønske frå Sauda og Suldal kommunar om å få tilsett ein psykolog. På bakgrunn av dette har ein søkt Helsedirektoratet om tilskot til ei slik stilling. Nå er det klart at direktoratet gir pengestøtte til det første driftsåret for ei slik interkommunal ordning.

– Som ein del av helsereforma har kommunane fått meir ansvar for den totale helsetenesta. Det er med andre ord meir som skal handterast i kommunane og det har her blitt eit mykje større fokus på barn og unge. Ein vil gjerne komme tidleg inn og sjå symptoma på psykisk sjukdom slik at ein kan få gjort noko med det, forklarer Tangeraas.

Tilskotet frå Helsedirektoratet er på 510 000 kroner. Den resterande kostnaden knytt til kommunepsykologen må Sauda og Suldal sjølv syta for å dekka.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.