Etter at legevaktsaka tok ei brå vending under administrasjonsutvalet i dag, onsdag, skulle diskusjonen tas opp igjen i formannskapet like etterpå. Utvalet gjekk imot rådmmanen sitt forslag om å flytte legevakta til Ølen og stemte einstemmig for eit nytt forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som inneber å behalde ordninga i Sauda.
Formannskapet var, som venta etter møtet i administrasjonsutvalet, heilt einige i ei løysing der legevakta blir bevart i Sauda. Det var lite diskusjon, men fleire heldt innlegg for å forklare kvifor dei meiner at ei lokal legevakt er det beste alternativet.
Formannskapet består av sju representantar. I dagens møte møtte Asle Rafdal (Ap), Wenche Hoftun (Ap), Frode Sulen (Ap), Hallgeir Amdal (Ap), Jan Birger Eide (Frp), Knut Atle Seim (H) og Eirik Birkeland (Senterpartiet).
Den endelege avgjerda blir tatt i kommunestyremøtet 22. april.