– Dette har INGENTING med valkampen å gjere, avviser kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet, Asle Rafdal på spørsmål om at Arbeidarpartiet si heilomvending i legevaktsaka er ein form for valflesk.
Under administrasjonsutvalet onsdag la Rafdal, på vegne av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, fram eit forslag som innebar at Sauda kommune ikkje går inn i ein samarbeidsavtale med Etne, Vindafjord og Suldal kommunar om felles legevakt i Ølen, men beheld istaden tenesta lokalt. Forslaget blei einstemmig vedtatt både i administrasjonsutvalet og i formannskapet like etter.
For 366 dagar sidan vedtok fleirtalet i kommunestyret eit interkommunalt helsesamarbeid som innebar ei felles legevakt for Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord i Ølen. Då stemte åtte av dei 19 kommunestyrerepresentantane imot forslaget. Dei elleve som var for representerte Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Både Krf-politikar Bernt Egil Strømme, Venstre-representant Knut Saua og fleire av dei ni arbeidarpartirepresentantane hadde i forkant signalisert at dei var usikre på kva standpunkt dei kom til å ta i saka, men stemte altså likevel for flytting av legevakta. Nå har fleirtalet i Arbeidarpartiet endra meining.
– Eg har lest, søkt og snakka med mange personar. Eg hadde på eit tidspunkt skrive eit seks sider langt lesarinnlegg, men valde å ikkje publisere det for å ikkje heite opp ei alt betent sak. I desember i fjor leverte eg eit forslag om kommunen kunne bevilga 100 000 kroner til ein utbetra helikopterplass som kunne nyttast under ugunstige forhold. Med andre ord; saka har blitt jobba med heile tida, presiserer Rafdal.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.