*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Både Sigve Sørheim (frå venstre), ordførar i

Ordførarar overraska over Sauda-vedtak

Dei fremste tillitsmennene blant dei folkevalde i både Suldal, Etne og Vindafjord vedgår at bodskapen om at Sauda nå har snudd i legevaktsaka kom brått på.

Sjølv om administrasjonsutvalet og formannskapet nå har gått inn for å behalde legevakta i Sauda er dei interessert i eit samarbeid med nabokommunane på andre helseområde. Ordførarane i Etne, Vindafjord og Suldal uttrykker at dei er både overraska og skuffa over snuoperasjonen i Sauda, men ikkje uvillige til å sjå på samarbeid utover legevakta.

– Eg blei veldig overraska over vedtaket som blei gjort i formannskapet i Sauda denne veka. Eg var klar over at det var spenning i saka i høve kva som ville få fleirtal, men at Arbeidarpartiet snudde var overraskande, vedgår ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, som presiserer at han i utgangspunktet er positiv til å sjå på dei andre punkta i samarbeidsavtalen, sjølv om Sauda ikkje ønsker å gå inn i ein avtale om interkommunal legevakt.

I likskap med Myklebust er også Etne-ordførar Sigve Sørheim overraska over vendinga i det interkommunale legevaktsamarbeidet.

– Det er vanskeleg å ikkje vere skuffa utifrå det arbeidet vi har halde på med i to-tre år. Eg er litt overraska over at politikarane i Sauda har endra syn, men samstundes har eg forståing for at dette er ei vanskeleg sak for dei, framhevar han.

I Vindafjord vedgår ordførar Ole Johan Vierdal at han ikkje er særleg begeistra for legevaktvedtalet i Sauda.

– Dette er ikkje bra for samarbeidet, men vi skal ha respekt for det dei meiner i Sauda. Vi er ikkje «happy» med vedtaket, men det vil vere feil å seie at vi er misfornøgde. Likevel, vi hadde håpa på at Sauda skulle stille seg positive til legevaktsamarbeidet, forklarer Vierdal, som i likskap med kollegaene i Etne og Suldal heller ikkje ser på eit interkommunalt helsesamarbeid utanom legevakta som umuleg.

Les heile saka i papirutgåva eller last ned e-avis her.