– Eg er redd det totale helsesamarbeidet blir sett i fare om Sauda nå ikkje går inn for ei felles legevaktløysing i Ølen, vedgår Aslaug Tangeraas.
I førre veke var både administrasjonsutvalet og formannskapet i Sauda kommune tydelege på at dei ønska at legevakta skal bli i Sauda. Den endelege avgjerda blir tatt i kommunestyret onsdag i neste veke.
Då Arbeidarpartiet og Senterpartiet la fram forslaget om lokal legevakt i administrasjonsutvalet i førre veke var Tangeraas til stades i kommunestyresalen. Ho, som har jobba med det interkommunale helsesamarbeidet i fleire år, visste ingenting om at Arbeidarpartiet hadde endra meining i saka.
– Eg må innrømme at eg blei sjokka og at det var ein liten nedtur. Eg skulle ønske at det hadde blitt stilt fleire spørsmål viss behovet for informasjon har vore større enn uttrykt. Eg håpar at det blir meir diskusjon rundt dette i kommunestyret før det endelege vedtaket blir gjort, framhevar ho.
Samhandlingsleiaren har lenge signalisert at ei legevaktløysing i Ølen, saman med andre samarbeidsprosjekt med Etne, Vindafjord og Suldal kommunar, etter hennar meining vil vere det mest tenelege alternativet for Sauda. Nå fryktar ho at ei endring i desse planane kan få negative konsekvensar.
– Det mest alvorlege her er kva dette vil bety for legevakta lokalt og ikkje minst legekontoret i Sauda. Sjølv om vi får eitt eller to årsverk til vil situasjonen på legekontoret vere omtrent like utfordrande som den har vore. Dette fordi vi nå får auka kompetansekrav å ta omsyn til. Kva med kronikarane? Tilgangen til fastlegar vil bli like vanskeleg som før, meiner Aslaug Tangeraas.
– Men det kunne det vel også ha blitt om legevakta blei lagt til Ølen?
– Ja, men der har vi legar i fire kommunar å spele på. Då har ein fleire som kan bakke opp i dårlege periodar. Rekrutteringsgrunnlaget vil med andre ord vere mykje betre, understrekar Tangeraas.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her