Laurdag blei det klassiske Galdhøpiggrennet arrangert. I tillegg gjekk NM i randonee her parallelt. Her deltok vanviksbuen Glenn Tore Løland i sitt første norgesmeisterskap i den relativt ferske skiidretten.
– Eg begynte med dette i år og har nå vore med i norgescupen. Treninga i vinter har gått vanvittig bra, noko som gjorde at eg hadde håp om ei pallplassering, kommenterer Løland, som var drygt fire sekund bak andreplassen i NM-rennet.
Gullvinnaren, Lars Erik Skjerheim frå Voss, kunne imidlertid ingen gjere noko med. Han var over fire minutt raskare enn nestemann.
Det første moderne randonee-rennet i Norge ble arrangert i Hemsedal i 2005 og seks år seinare godkjente Norges skiforbund greina som ei eiga konkurranseform. I randonee-renn er det alltid fellesstart (utanom sprint), og det blir konkurrert på tid. Løparane bruker feller når dei går opp ei fjellside. Desse blir tatt av på toppen før ein kjører ned igjen. I dei brattaste partia i løypa er det lagt inn tekniske parti kor ein skal ha skia på sekken og løpe oppover med stavar. I dei mest utfordrande løypene nyttar ein både stegjern og klatresele. Løparne har alltid på seg sekk som skal innehalde søkestong, spade, vindtette klede, fløyte og redningsfolie. Skredsøkaren skal vere festa på kroppen til eikvar tid.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her