Om alt går etter planen skal vegen over Røldalsfjellet vera open for trafikk om ein månad, altså 15. mai.
– Det er målet, men det vil sjølvsagt vera avhengig av vêr- og føreforhold. Og det er ein del arbeid med å brøyta seg gjennom ti –femten meter djup snø, seier Einar Skavland, Risa sin driftsleiar for Ryfylke-kontrakta med Statens vegvesen.
Risa sin oppsynsmann i Sauda, Svein Tore Tveitane, fortel at vegen opp til Breiborg blei brøyta til vinterferien i februar, og at vegen mellom Breiborg og Tverrdalen blei opna til påske. Like over påske starta arbeidet med å brøyta seg vidare mot Røldal.
– Me har passert støtta og er nå ved Svartavatnet. Det går greitt å finna fram, men snøen har vore hard og vanskeleg å fresa. Forhåpentlegvis er forholda betre på andre sida av dammen, rapporterer han.
Brøytemannskapet fortel om ei snødjupne på mellom 12 og 14 meter enkelte stader og at snømengdene langs vegen ligg på eit snitt på ti meter.
– Dobbelt så mykje som vanleg, kommenterer Tveitane.
Det er Statens vegvesen som avgjer om vegen er rassikker og klar til å bli opna for trafikk når den tid kjem. Rasfaren plar å vera stor i Ekkjeskaret om våren.