Gir gass for nytt energiprosjekt – igjen

Eramet Sauda gir ikkje opp planane om å utnytta all varmen dei dagleg slepper ut over tak.

– Eit stort prosjekt. Eit framtidsretta prosjekt med fokus på betre energihandtering og ei meir effektiv omnsdrift, forklarer Kåre Bjarte Bjelland, verksdirektør ved Eramet Sauda.

Leiinga ved smelteverket i Sauda har i mange år ivra for å få til eit energigjenvinningssystem knytt til omnsdrifta si. Planen var først å gjenvinna dei 400 GWh, som årleg forsvinn ut av pipene, til om lag 100 nye GWh gjennom elektrisk kraft og 200 GWh gjennom varmtvatn. Prosjektet, som var kostnadsrekna til rundt 300 millionar kroner, blei etterkvart for dyrt for den franske Eramet-leiinga, sjølv om prosjektet fekk 35 millionar kroner i støtte frå Enova. Prosjektet blei skinlagt i 2009.

Den blårosa flammen frå kvikksølvreinseanlegget produserer åleine årleg rundt 400 GWh, men energien forsvinn opp i lufta over Sauda.

– Me har derfor masse ubrukt energi som me sløser bort. Me fyrer for kråkene. Me ønsker å nytta denne energien internt og har tre stikkord: Betre energiutnytting, betre råvarekvalitet og betre omnseffektivitet. Me vil blant anna bruka energien til å tørka råvarene våre, som igjen gir oss betre malm og sørger for meir effektivitet i omnsprosessen. I tillegg er målet at me får mindre utslepp til miljøet, forklarer Bjelland.

Les meir om prosjektet og om årsresultatet til Eramet Norway i papirutgåva eller last ned e-avis her.