Laga bråk på bussen

Angreip bussjåføren under fart.

I dag, fredag, vart sjåføren på ettermiddagsbussen mellom Ølen og Sauda angripen av ein rusa passasjer.

Han tok kvelartak på meg og slo, fortel sjåføren til Ryfylke.

Til alt hell klarte sjåføren, som varsla poitiet om hendinga, å halda bussen på vegen under dramatikken.

Ein annan passasjer kom til og fekk roa ned personen, som deretter vart kasta av bussen i Ølmedal.

Då Ryfylke kontakta operasjonssentralen ved Haugaland og Sunnhordland politikammer like etter, var hendinga ikkje registrert i journalen til sentralen.